Velkommen til Hjartdal Montessoriskule

Me er ein skule som tilbyr Montessori-utdanning for barn i Hjartdal og omeng. Vårt fokus er å skape eit stimulerande, utforskande og støttande læringsmiljø for alle barn.

Skulen starta opp hausten 2019, og har godkjenning for 50 elevar frå 1.-7.klasse.

Hjartdal Montessoriskule ligg landleg til i bygda Hjartdal, vest i Hjartdal kommune. (22 km frå Seljord, og 38 km frå Notodden) Skulen har som mål å skape eit godt og trygt læringsmiljø, der barn møter engasjerte og trygge vaksne som motiverer dei til å utvikle seg fagleg og som menneske.

Læringsarenaen strekkjer seg frå fjell, innsjø, og dalar, til kulturlandskap, gardsdrift, og naturbruk i skulens nærområde. I bygda har me bibliotek, nærbutikk, kunstgrasbane, hoppbakke og ljosløype. Fysisk aktivitet, utetid, og oppdagande læring står sentralt i opplæringa me gjev.

Tjenester

Om oss

Trykk her for å lese meir om skulen!

 

Skulen

Her finn du info om skule, skuletider, skjema 

osv.

SFO

Etter skuletid-program: Aktivitetar og utforskning av interesser. Fokus på lek, læring og sosial utvikling.

Ofte stilte spørsmål

Kva er Montessori-metoden?

Montessori-metoden fokuserer på selvstendighet, frihet innenfor rammer og respekt for barnas naturlige utvikling.

Korleis kan eg søke om plass for mitt barn?

Du kan enkelt søke om plass ved å fylle ut et søknadsskjema på vår nettside og kontakte oss for mer informasjon.

Hvilke aktiviteter tilbys i etter skoletid-programmet?

Me tilbyr ein rekke aktivitetar som kunst og håndverk,sport,leik inne og ute, sunt varierande kosthald med meir!

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål eller ønsker å besøke oss!

Plassering

Hjartdal Montessoriskule
Hjartdal, Telemark